Gåte - Stolt Solvår Songtexte

Songtexte Stolt Solvår - Gåte




Stolt Solvår døydde i tvinga kår.
Det ingen i elskhugen gløymde.
Ho burte blei i sin fagre vår.
vondt om henne dei drøymde.
Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas
I grava falma dei rosekinn
Som valden gav slik ein lagnad.
Men enn ho stråla i saknesinn
verdig i all sin fagnad.
Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas
Rykte det gjekk om den daude.
Mordaren stakk og blei i det aude.
At fagre Solvår slik skulle ende.
Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei...
Langt av leid,
Høgt ivi heid,
Glødde blodige skyer.
Vissa er vill.
Natta still.
Det er som allting lyder.
Aia- dei syndi kan ei vendas
Aia- dei syndi kan ei vendas



Autor(en): Katrin Frøder


Gåte - Stolt Solvår
Album Stolt Solvår
Veröffentlichungsdatum
06-10-2017




Attention! Feel free to leave feedback.