Eva Weel Skram - Evig Eies - Kun Et Dårlig Rykte Lyrics

Lyrics Evig Eies - Kun Et Dårlig Rykte - Eva Weel Skram



Eg har ein gammal draum djupt inni meg
Den er motoren i mitt sinn
Den får meg opp nye åskammar
Du veit vil du ha utsikt tåle litt vind
Og vi to vi har stått i blåsten
Kanskje av dumhet, men også mot og trass
Og vi har støtt alle tuene
Dei sa kunne velte store lass
Evig eies kun eit dårlig rykte
Og ingen veit vel ka dagane vil gi
To små tullinga som oss har vel lite å frykte
For vi har sett det meste av det dei fleste glir forbi
Eg har ein lengsel djupt inni meg
Den er seilet til min sjel
Den får meg opp av dei djupaste bølgedalane
Og heim til deg like heil
Men lenge dreiv vi rundt havet
Som to barkebåtar alt for langt frå land
Og eg har drukna i kvar havnekneipe
Og eg har grint høgt ditt navn
Evig eies kun eit dårlig rykte
Og ingen veit vel ka dagane vil gi
To små tullinga som oss har vel lite å frykte
For vi har sett det meste av det dei fleste glir forbi
Men alt for lenge gjekk vi rundt og var redde
For ka framtida den skulle bli
Men alt eg treng no er handa di
Og det beste eg kan gi deg det er mi
Ja, det beste eg kan gi deg det er mi



Writer(s): Henning Kvitnes


Eva Weel Skram - Hver gang vi møtes (Sesong 5 / Henning Kvitnes sin dag)




Attention! Feel free to leave feedback.