Bjørn Eidsvåg - Me Visste Kim Du Va Songtexte

Songtexte Me Visste Kim Du Va - Bjørn Eidsvåg




Me visste kim du va og kor du kom fra
- Me såg det deg
Det gjekk rykter om deg og om ting du gjorde
- Folk va heilt i frå seg
kom du inn i by'n og og folk flokka seg rundt deg
- Dei ville sjå deg
Du va kjendis og du hadde ingenting imot det
- Me såg det deg
Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
- Tru meg sko me ikkje gjort deg noke
Her kom du og du hevda du va meir enn en trollmann
- Du va altfor ekstreme
Du sa at du va Gud at du va menneskjesonen
- Du blei reina problemet
Du sa at du var lyset og du ville gje oss livet
- Hvis me trudde deg
Men me visste kor du kom frå - du va ein nasarear
- Det såg me deg
Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
- Tru meg sko me ikkje gjort deg noke
Du gjorde mange gode ting og sa møkje fint
- Me hadde møkje å læra
Men det at du va Gud og at du kunne frels' oss
- Det kunne du latt vera
Det e grenser for kor møkje ein mann kan akseptera
- Me forstår'kje koss du kunne
Komma her og påstå at du kjente våre hjerter
- At me va rett og slett vonde
Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
- Tru meg sko me ikkje gjort deg noke
Du sa at du va konge, men du hadde'kje soldatar
- Kor e logikken?
Du sa at du va mektig, men du va for å vaska føter
- Va det ein del av taktikken?
Me va vel litt for harde me nagla deg til krossen
- Me hadde vel panikken
Og seie dei du leve, men sånt skjer jo ganske sjeldent
- Ifølge statistikken



Autor(en): Bjørn Eidsvåg


Attention! Feel free to leave feedback.