Gåte - Draumefanga текст песни

Текст песни Draumefanga - Gåte



Mørkret meg fangar og stel mine sansar.
Bordelangs elvstryket grimen eg ansar.
Krattskogen kjæler med lauvskrudde kransar
Viklar meg inn
I eit villvove spinn
Sinnet blir eins med det duldande svarte.
Tromminga stig frå mitt mørklagde hjarte.
Anar at dansen med vetter vil starte.-
Viklar meg inn
I eit villvove spinn
Natta er lang og otte vil byde.
Livet i kring meg, eg høyrer det lyde,
Lite eg ser av dei ting eg tyde.
Viklar meg inn
I eit villvove spinn
Skrik utor villmarka, vindborne gjallar.
Steinar i frosstryka stikk opp som skallar.
Gåte det er om det skræmer hell kallar.
Viklar meg inn
I eit villvove spinn
Burte er blomar og formene, fine.
Løynde kvar einaste menneskemine.
Berre i mørkret kan stjernene skine.
Viklar meg inn
I eit villvove spinn




Gåte - Attersyn
Альбом Attersyn
дата релиза
03-11-2017




Внимание! Не стесняйтесь оставлять отзывы.