Rita Engebretsen - Nordmannen Lyrics

Lyrics Nordmannen - Rita Engebretsen



Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim
Han såg ut dei steinute strender
Der var ingen som der hadde bygd
Lat oss rydja og byggja oss grender
Og eiga med rudningen trygt
Han såg ut det bårute havet
Der var ruskut å leggja ut
Men der leikade fisk ned i kavet
Og den leiken den ville han sjå
Fram vinteren stundom han tenkte
Gjev eg var i eit varmare land
Men når vårsol i bakkane blenkte
Fekk han hug til si heimlege strand
Og når liene grønkar som hagar
Når det lavar av blomar strå
Og når netter er ljose som dagar
Kan han ingen stad venare sjå
Sud om havet han stundom laut skrida
Der var rikdom og benkjer og bord
Men ikring såg han trelldomen kvida
Og vende han atter mot nord
Lat no andre om storleiken kivas
Lat dem bragla med rikdom og høgd
Mellom kaksar eg inkje kan trivast
Mellom jamningar helst er eg nøgd



Writer(s): Richard T Burgess, Ludvig Mathias Lindeman, Ivar Aasen, Gabriel Fliflet


Rita Engebretsen - Frem fra glemselen kap. 22 - Hjemkomsten
Album Frem fra glemselen kap. 22 - Hjemkomsten
date of release
05-05-2017




Attention! Feel free to leave feedback.