Odd Nordstoga - Det fine som kan bli paroles de chanson

paroles de chanson Det fine som kan bli - Odd Nordstoga



Enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur, og alt vender heim til dit det bur
Alltid er det slik at juni legg opp det juli skuslar bort
Og mykje skal til for å innfri alt det ungar skulle gjort
Snart skulefri det ligg der som ein billett til paradis
Men du veit du skuffar når paradis er Arendal og is
Men enno er det tid...
Eg såg for meg at du og eg snakka fritt ved eit bord ein stad
Men ein blygsel av å kjenne for godt kom og luka i det me sa
nok køyrer me til kysten til den sommaren me har lagt
Og det er headset baki og frammi er det radioen det blir sagt
Ein kjenner godt at dei glir ifrå dei ungar som ein fekk
Me skulle bygg eit slott, ei borg, men ei havn er det me rekk
Snart er det berre nåde for den barndomen me gav
Som er den bøn me kan sende til Gud veit kor dei blir av
Men enno er det tid...
Men det slepper aldri, det slepper aldri at noko heng i hop
At om krigen kom med kuler og krut var me i sama grop
Og når himmelen blir slik himmelen er når havet møter land
I kupeen inn stryk ein forsoningsvind som syng; det kan an
For enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur og alt vender heim til dit det bur



Writer(s): Odd Nordstoga


Odd Nordstoga - Det Fine Som Kan Bli
Album Det Fine Som Kan Bli
date de sortie
15-09-2017




Attention! N'hésitez pas à laisser des commentaires.