Oslo Gospel Choir - Det Lyser I Stille Grender paroles de chanson

paroles de chanson Det Lyser I Stille Grender - Oslo Gospel Choir



Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos ikveld,
Og tusunde barnehender
Mot himmelen ljosi held.
Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall,
Som kom og vart heimsens frelsar
Som barn i ein vesal stall.
Han låg der med høy til pute,
Og gret si ringe seng,
Men englane song der ute
Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
Ved natt over Davids by,
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny.
Songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt.
Um barnet, Guds son og sonar
Som myrkret for evigt batt.



Writer(s): Jakob Sande



Attention! N'hésitez pas à laisser des commentaires.