Garness - No koma Guds englar paroles de chanson

paroles de chanson No koma Guds englar - Garness



No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
Som skal gjenom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
Du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
No stjerna frå Betlehem lyser om land
Frå høgsal til armaste hytta
Det ljosnar so vent yver dalar og strand
Der inn hennar strålar glytta
Guds fred yver mold!
Vår sol og vår skjold,
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,
alle folks tungor dei kveda
vida som klokkone tima frå tårn,
Stig tonar av hugnad og gleda
Alt kling som i kor:
Guds fred yver jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
Meg hugge* i såraste suter!
So segjer eg når eg frå verdi fer av
Og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl
Vår fredsfyrste høgt vere lova!



Writer(s): Dp, Sigbjoern Apeland, Elias Blix, Tore Johansen, Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland


Garness - Barnet I Krybben (2013 Utgave)
Album Barnet I Krybben (2013 Utgave)
date de sortie
22-11-2013




Attention! N'hésitez pas à laisser des commentaires.