Kurt Foss & Reidar Bøe - Fabel текст песни

Текст песни Fabel - Kurt Foss & Reidar Bøe



Gåsa og katten og hanen
Var leie av livet her.
No ville dei ut i verda
Og freiste si lukke der.
Her går vi bondebygda
Som åte for rev og ramn.
Nei, er det andre tider hjå kongen i Kjøpenhamn.
So luffa dei gjennom Skåne
Og lydde messa i Lund,
Og gåsa ferja dei over
Til Kronborg ved Øresund.
Tidleg ein måndags morgon
Nådde dei kongens by
Lerka song over Sjælland
Og hanefar gol mot sky.
Dei spurde seg fram til slottet,
Og vakta gjorde honnør.
So skulle dei syne kongen
Kva kunster dei kunne frå før.
Katten var fyrst i elden
Og katten fekk lønn for strev:
Kongeleg musefangar
Det stod hans embetsbrev.
Gåsa vart overkokke,
Og var som eit syn å sjå
I nystiva blondekappe
Med kongens våpen på.
Men hanen kom høgst i korga
Og skikka seg bra, får vi tru,
For han skulle vekke kongen



Авторы: Reidar Boe, Kurt Foss, Jakob Sande


Kurt Foss & Reidar Bøe - Synger Viser Av Jakob Sande
Альбом Synger Viser Av Jakob Sande
дата релиза
20-11-2006




Внимание! Не стесняйтесь оставлять отзывы.