Lothepus - Tango på trass текст песни

Текст песни Tango på trass - Lothepus



Eg ska driva med sau.
Da kan du ta deg faen på.
Til dagen eg liggje dar dau,
Ska eg setje opp hesjar og slå me ljå.
Medan andre om sumar tek fri,
Ska eg her og jævlast i regnet,
Og klora meg fast i ei li.
Eg ska setta potet.
Kersspink, Amaldin og Pimpernell.
Som ein ihuga møkgreipsprofet,
Ska eg venda torva til seine kveld.
Medan andre et pasta og brie,
Ska eg her og jævlast i regnet,
Og klora meg fast i ei li.
Næring til livet er trass.
Eg er bonde fordi det er frekt.
Eg finn aldri min tilviste plass.
Eg blir aldri politisk korrekt.
Medan du driv med byråkrati,
Ska eg her og jævlast i regnet,
Og klora meg fast i ei li.
Når livssolå dalar i vest,
Under torva eg finner min plass.
kan folkje ha gravøl og fest,
Og minnast han levde trass.
Når domen so fell; kvar gjekk min sti?
Nei, eg gjekk no og jævlast i regnet,
Og klorte meg fast i ei li.



Авторы: Vidar Berge


Lothepus - Cowboyhjarta
Альбом Cowboyhjarta
дата релиза
16-06-2014




Внимание! Не стесняйтесь оставлять отзывы.