Odd Nordstoga - Fatig ferdamann текст песни

Текст песни Fatig ferdamann - Odd Nordstoga



Kan du tru ei styrande hand
Som leier deg over og set deg i land
Til himmelske hagar og englesong
Trur du det du, at det hender ein gong?
Vel, eg trur lauvet, gras og blom,
Som tøyer seg ut mot det store rom,
Og alltid vil snu seg dit sola står
er den vel slik òg, den vegen eg går.
Kan du tru at ein stein glei ifrå,
Og opp frå ei grav fekk han levande gå?
Ja, evig fine er salmenes song
Men kan du tru det, at det hende ein gong?
Vel, eg trur dagen som kjem etter natt,
Eg trur etter gråten kjem der lått,
Og eg ser vel at vinter blir vekt til vår
er det vel slik òg, den vegen me går.
Men, trur du at det kjem ein og dømer oss ein dag,
Og at det blir eit vinnar- og eit taparlag,
Og at nokon dei får inn gjennom himmelporten trong
Trur du det du, at det hender ein gong?
Vel, eg har kjent godt og eg har kjent vondt,
Eg har sett i hop med kjærleik og slege sundt,
Eg har gjenge grøne enger, eg har trødd i skår
Eg trur dei dømer etterkvart her, den vegen eg går.
Men, eg er ein fatig ferdamann og eg har ingen svar.
Kom, set deg ned, kviler me med sola glar.
Sjå! Ein lysande krans over myrkret rår
er det vel slik òg, den vegen me går.



Авторы: Kare Chr Vestrheim, Odd Nordstoga


Odd Nordstoga - Fatig ferdamann
Альбом Fatig ferdamann
дата релиза
24-04-2020



Внимание! Не стесняйтесь оставлять отзывы.