Eva Weel Skram - Sleppe tak текст песни

Текст песни Sleppe tak - Eva Weel Skram



Det tok meg tretti år å forstå
Kva du gjekk du igjennom den gangen
For frå 1985
Sov eg i di seng
Som du grein når eg drog
Men det forstår eg jo no
For eg var berre femten år
Det kunne like gjerne ha vært i går
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor eg var
Til å aldri ha heilt oversikt
Ikkje vite kva som foregikk
Frå å være den eg lente meg
Til å ikkje lenger kunne
Inn til meg sånn som du gjor
Men tjue år har gått
Sidan eg fór
Det kjem ein dag kor også eg
slippe tak som du slapp meg
La han tenke sjølv som du lot meg
La han finne seg sin eigen veg
Og kanskje tek det tretti år
Før han òg ein dag forstår
Før han òg ser det eg no ser
At du har alltid gjort alt for meg
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor han var
Til å aldri vite kva som skjer
Når han grine, når han ler
Frå å være den han lena seg
Til å ikkje lenger kunne
Inn til han som eg gjer no
Eg skulle berre kjøpe nye sko
Men brått var han storleik trettito
å kor eg grua meg til han blir stor
No er det vi som syng for deg
Nett som når du sang for meg
Og altfor snart er denne visa slutt
Men vi skal vere her til du fær ut
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor du var
Til å ikkje fatte og forstå
Kva du går igjennom no
Frå å være den vi lena oss
Til å ikkje lenger kunne
Inn til deg sånn som før
No sitt vi her, men
Kor er du hen?
Og alt vi kan gi deg er ein klem
Snart er det berre han og meg igjen



Авторы: Eva Weel Skram, Thomas Aleksander Nordli Stenersen


Eva Weel Skram - Sleppe Tak
Альбом Sleppe Tak
дата релиза
05-02-2021




Внимание! Не стесняйтесь оставлять отзывы.